torsdag 10. august 2017

H****gud!! Steik, der lurte dei meg!

Mållaus, snår og tårer!


Oppstessja og kledd for både rekebord og stevnemøte så susar eg meg til Sæbø (i går), klar for to rekebord. Først kl 17.30 saman med bebuarar, personal og pårørande på Hjørundfjordheimen, så attmed John Magne etterpå, kl 20.00. Eg er med i sokalla, "reketeamet", i år, så eg er med å arrangere den årlige happeningen på jobb. Alltidt kjekt å settje seg til bords på Sagafjord hotell, berre so flott. Det går som smurt, og alle kosar seg! Eg held litt att, og styrer unna desserten, for eg skal jo vidare på rekebord rett etterpå! Eg sørga sikkert for at alle fekk vite det også.. Det er ikkje kvar dag at grisebonden slår til med date! ;)

Bodil Skare, besta og tante Anne Marie


Flotte damer som kosar seg!

Tante Ragnhild, tante Anne Marie og besta

Så ringer John Magne kl 19.50. Joda, han er strakst på Sæbø komen, men vi må suse oss heim til Krøvelen i eit hattefåk for å fange inn kvigene som er på rømmen, IGJENN. Han har snakka med hotellet og utsatt rekebordet til kl 21.00, seier han. Freistande å bli sur og sinnt, men det er til inga nytte. For dette er ikkje uvanleg, slikt skjer alltid når det passar dårligast. Eg legg ut på snapp:




John Magne stoppar bilen rett utføre huset og ber meg springe inn å hente kontrollen til straumgjerdeapparatet, og skifte sko.

Å her sto gjengen klar, og hadde lurt meg trill rundt!




Ingen kviger på rømmen, og John Magne har ikkje vore i kontakt med hotellet i det heile. Eg ante med ein gong at dette var lurehøna, Silje, som stod bak. Men aldri om ho, eller nokon anna, har fått meg så mållaus og tårevåt nokon gong! Ein rrrrredige støkk, rett og slett! Tuuusen, tuusen takk, for en hivens aften, alle saman! <3 Eg er kjempe heldig, og berre tanken på denne kvelden vil gi meg superkrefter dei tyngste dagane over den Grønlandske Innlandsisen. *grine fortsatt :p

Min godaste bror, Finn Erik, slo til med DEN kaka!

Her ligg det ein heil del arbeid bak assa!

Som alltid, systa Oda Merete diska opp med flotte og super gode kreativitetar!

Hovud-lurehøna til venstre, godaste Silje, Marita og Elias, og Solveig! :*

Oda Merete, Lena Emilie, B2 (Hildegunn) og Bej (Kristian) :D

Karina, Birgit, Liv Grete og Julie! Alle med god matavet ;D

Janica, Liza, Caroline, Gunnhild og Tiinii (Martine) :D

Lisabel, Heidi Beate og John Magne! :D

Ei utgrena Linda!

Innimylla kakeeting på kaloripåfyll, øksekasting:
 


Caroline rocks! ;D




Love you!


<3