mandag 13. februar 2017

Ice ice, Baby!



Ein utvida telttur i "hagen"..



FANTASTISK! Det er ikkje kvart år vi får skikkelig stålis på Vatnevatne, men no er det faktisk det! Og eg nytta høve til å teste is-telttur i helga. Det var også fullmåne og stjerneklart natt til søndag. Og det var då vi låg der.


Eg kjem heim frå tidlegvakt laurdag, og dreg direkte ned på isen for å sette opp teltet. På is trengst det isskruar for å feste teltet, og det er også noko som vi mest sannsynleg blir nøydde å gjere om vi skal campe i brefalla på Grønland. Isskruar står i alle fall på pakke-lista vår.
Festar teltet med isskru




John Magne blir som oftast tilkalla når det trengst kreative løysingar. Eg har berre tre isskruar, men treng fire. Her fiksar han siste feste med hjelp av ei grein han trylla fram.

YES! Då er vi klare for natta!




Væirmeldinga held mål, og eg får leika meg litt med nattfotografering i klarvæiret:




Telting i "hagen", hehe

Isen blank som ein spegel


Kl bikka 02.00 før vi legg oss i teltet, eg og hundande. For oss som bur nært eit vatn som frys til om vinteren, så veit vi at isen til tider kan lage kraftige drønn, så det er eg vand til å høyre. Til tider kan vi vakne av det oppe i huset også. MEN, når du ligg i en såvepose, i eit telt, og det nærmast smell RETT innunder deg, DÅ kvepp du til. I alle fall gjorde eg det! Tett på kl 04.00 skjedde det, og eg stod omtrent i posen før eg rakk å tenke, hundane også var komt på beina. "Jau, f***, no sekk vi vel ned!" Hahah, eg fekk hjartebank av heile greia, syntest det var på grensa til litt småekkelt. Men, vi la oss til att og såvna. Eg veit jo at dei seier at det er eit tryggheits teikn når isen beljar slik, tryggebrest, kallar dei det. Isen frys seg sterkare, sei naboen min!


Morgenstund, tett på kl 09.00.

Eg legg meg i teltet att etter ei lita fotorunde.. Og jammen det såvna eg att! kl 10.30 vakna eg igjen, og hundane var meir eller mindre utolmodige, og syntest nåk det var på høg tid å starte dagen!


"På tide å stå opp no, Tornerose!"






Oppatt etter litt frukost, så gjekk eg inn til "gamlemor", min gode nabo, for å fortelje om påfunnet. På mirakluøstvis viste ho det allereide, og blei ikkje det spøt overraska. Vi tek oss ein lang kaffe, før eg fer på seinvakt, og fortel det vidare der. Hahah! Ei klok eldre dame svarar meg: "Slikt hadde ikkje gardakjerringane tida til å styre med, før i tida..."

;)








lørdag 11. februar 2017

Kjekke jenter på flott tur, eller, flotte jenter på kjekk tur!




Telting på fjellet!


Eg kjem heim frå jobb, kjikar over pakkelista til meg sjølv, og den eg har sendt til Janica. Ho skal låne noko av utstyret med meg, medan Solveig har det meste sjølv. Vi har lånt to storsekkar av Therese, dei henta eg i går og leverte ut.
Og akkurat slik ser det som oftast ut rundt meg når eg pakkar til tur, sann på sparket:

Ein typisk kommentar då eg fyk ut døra: "eg skal rydde i morgon!" Haha, eg lurer nåk mest meg sjølv der :D


Vi har altso hatt nokre tappre forsøk på å få til ein skitur ilag, åde Janica og Solveig har nyinvistert i "rando-ski" for sessongen, men det har aldri klaffa med fri for alle. Bortsett frå i mårgon, torsdag! Men, etter turrapportar tidlegare i veka, syntest ivertfall ikkje eg at det freistar med nokon toppskitur, det er hard skare, og lite snøv. For meg er det viktig at vi skal ha ein trygg og fin turopplevelse, som endar i meistring for alle. Skituren får vente, eg inviterar med på telttur i staden! Månelys og stjerneklart, det kan by på litt av ein opplevelse det også! For Janica og Solveig er også vinter-telttur noko nytt, så vi har vore forventningar alle saman!

"Kan hende vi berre skal ta Brekkeheida istaden.. Det er like fint det, det kan hende Sandhornet blir for krevjande. Dei er ikkje vande å bære stor tursekk heller.. Kanskje er det hardt og isete i råsa oppgjøna der..." Tankane svirrar i det eg kjøyrer for å møte frøknerne ved start. Men dei er like gira som meg, så eg helde tankane for meg sjølv, inntil vidare.


Janica og Solveig i fint driv

Solveig var i utgongspunktet redd for å sinke oss, men ho leda an frå start, og ho får klar beskjed om å ta det litt meir med ro! Eg føler meg litt som ei hønemor der eg går å masar om at vi må drikke og ete litt småsnack på vegen opp, og ta det rolig. "Vi vil ikkje gå oss på en smell"! 


Noko bratte parti opp Kråkenakken, tunga beint i munnen.





Janica speidar utover bygda, utsikta kjem seg!




Litt påfyll, igjen.



Vi nærmer oss toppen av Grøthornet 747 moh, Solveig får ein telefon neda Myra. Mor hennar sitt inne og kosar seg med fyr i peisen. Ho ser lys av haudelyktene vora oppe i fjellsida. Der nede viser gradestokken -11 grader. Som alle mødre ville ha sagt: "No må ikkje dykk fryse, no då"!

I det vi bikkar Grøthornet, på vei vidare mot Sandhornet, må vi gå litt ned for å komme oss vidare opp. Her er det hard avrong, og eg syntest det er på kanten ekkelt å gå her med tung sekk. Vi lyser bort i sida vi skal opp, og konkluderer med at vi går tilbake og slår leir på Grøthornet. Eller rettare sagt, eg bestemmer at vi skal gjere det. Det har ikkje noko føre seg at vi skal vagle oss bortover der, for so å kanskje møte på eit ekkelt part lenger oppe. Innsatsen hittil er meir en bra nåk, og eg kjenne sjølv at det er lenge sidan eg har gått med tung ryggsekk. No delar eg tankane om at eigentleg Brekkeheida kunne vere eit alternativ, for å gå rett på ein høg fjelltopp som fyste vintercamping, er ganske respektabelt!

Teltet kjem opp ganske kvikkt, eg trur vi alle har naglebet. Inn i teltet for å skifte på oss torrt.

 "No skjønar eg betydninga av gode ullklede", kjem det frå Janica. Og ho har heilt rett, som vi seier det her: "oll, ekje tollj!" 


Eg forklarar at ein treng tolmod ved nattfotografering, pga lukkartida på kameraet. Så eg går ut, og seier kvar dei skal lyse med hovudlyktene sine, for so å sitte heilt stille. Vi fekk masse fint til minnebanken vår:






Såverommet for natta

Ørsta <3

Herkules, Linda, Solveig og Aro speidar utover kongeriket

Solveig sitt i teltet og lyser, Janica nyt utsynet

Framover dalen vår, Åmdalen. Snøhornet midt i biletet.


"Tenk da, kor heldige vi er som bur ein slik plass at vi kan gjere dette", seier Solveig i det ho ligg og kjikar utover. "Høyr da, høyr kor stille det er".
Vi er ganske einige, dette er heilt magisk. Og vi er heldige. Og vi kjenner at det er på tide med mat!


Eg har med favoritt turmaten min, biff straganoff, som eg hoper fell i smak! Hundane finn plassen i "bak-garasja", og vi kryp inn i teltet alle mann. Fyrer opp bensinbrennaren, og varmar opp maten.



Kjekke kara!


 På tur er det lov med litt snop medan vi ventar på maten!


Vel bekome!



Som kjent på ein jentetur så går praten i eitt, om både laust og fast, spøk og alvor. Kl bikkar 01.30 før vi riggar oss til og seier god natt. Meir fekk ikkje eg med meg før eg vaknar til alarmen kl 08.00 morgonen etter. Solveig kunne konstantere at eg sovna ganske fort, og  begge dei andre hadde også vakna av at hundane bjeffa midt på natta. Det gjekk meg hus forbi. Janica merkar at vi ikkje har valgt den jamnaste tomta i nabolaget. Stakkars, ho vakna om morgonen og følte seg som ein banan, MEN, ho hadde til all overrasking faktisk haldt varmen! "Heldigvis", tenkte eg. Det er nok takka vere varmeflaskene i soveposane våra. Eit genialt tur-trix! ;)

Vi kjikar oss  ut, og ventar på at sola skal melde sin ankomst:


Morgonstund har gull i munn!

Janica forsvinn inn i teltet att...



 Vi ser solstrålane lurer seg nedover dei høgare toppane rundt oss, det nærmar seg


 DER!



Solhelsing!

Kunsten med "hoppe-bilete":

1, 2, 3 HOPP! Nei..

1, 2, 3 HOPP! Nei..




Det beste vi fikk til!


Vi tek innover oss inntrykka av soloppgongen og går i teltet for frukost, kaffe, og klargjering til å starte turen nedatt.


Kjekke morgentryne!

Kaffe med utsikt :*

Det meste er ute av teltet, eg sitt å stappar soveposen min i det eg høyere frå utsida: "NEEEI, NEI, NEEI, NEEEEI!!!"
Haha, eg forstår eigentleg kva som har skjedd, men eg må spørre alikevel: "Obs, Kva skjer?" Det blei stille ei stund, Solveig svarar: "Det fauk ein sovepose ned over fjellsida her..."

Fort gjort! Den eine soveposen som Janica låner er heilt rund i pakkform, så den trilla lett. Ein passe dyr dunpose, så vi sett av tid til ein aldri så liten leiteaksjon! Det er avrong ned til dalen der vi trur den ligg, litt bratt også. Men eg går ned, kjem oppatt uten resulat. Går nedatt, etter instruksjon av dei andre, so syntest å sjå noko blått på ein bar flekk der nede. Vi tek eit bilete så vi blir einige om kva flekk det er snakk om.

zooma inn bilete, flekk ved sida av den flekken med... bla bla :D

Eg og hundane tek til å gå nedatt. Men vi finn ikkje nokon såvepose der vi trudde vi såg den.


Flotte forhold for leiteaksjon, heldigvis ;p

Sooo, kilt mellom ein stor stein og hard snøv, der ligg den! Eg løftar den opp og veivar i lufta. Jubel høyrest frå høgt der oppe.
Redda vekepengane der!

Vi blir like letta alle man, so kan vi pakke resten og starte nedturen!

Glad og lett, Janica! :*

Samla oss ei vårgjele eller to i solveggen før avgong :)


Klar for heimveg. Utan vekt så har Herkules på kløv for første gong


Ei blid og fornøgd Solveig, som alltidt <3

Nøgde bikkjer

  
Tusen takk for turen, Janica og Solveig <3
Vel godt bestått dykkar første vinter camp!